GRATULERER!!


Brigit eller Brigid, (den opphøgde), er ei dotter av Dagda, og ei framståande gudinne i keltisk mytologi. I lag med søstrene sine, Dana og Anu er ho rekna som ein keltisk treeiningsgudinne. Ho vaktar skaldar og diktekunst, eldstader og grøde, smeder, handverkarar og krigarar....Brigit er knytt til den heilage elden (sameleis som gudinna Vesta i romersk mytologi). Ho er attåt knytt til heilage kjelder, særskild i Kildare, Irland, der det i kristen tid vart bygd eit kloster for nonner. Brigit var ein av dei keltiske guddomane som vart «kristna» og vidareført som st. Brigit i katolsk tid. Soleis held nonnene i Kildare ein eldgamal førkristen tradisjon i live, og røktar ein gamal kultstad. Festen hennar tilsvarar Kyndelsmesse, den 2. februar, som vert kalla Imbolc i Irland. Namnet Brigit eller Brigit svarar til gudinna Brigantia, slik ho er nemnd i kjelder frå romersk tid. Namnet kling att i øynamnet Britannia. Ho er soleis morgudinne for britane eller Kymrarane.




