Ein tom lavvo står der ute, i haustverda.
Bjørka dryssar varsamt runde,gule lauvtårer over den,
og to halvvaksne haustvindar kjempar om å blåse lauvtårene vekk,
frå det omvendte,stille kremmarhuset.
Inne i kremmarhuset er ingenting.
Berre avtrykk på bakken av kroppar,av søvn.
Ingenting meir.
Døråpningen blafrar ilter og vidopen.
Kulden kom so raskt i år..
Men der inne, heilt oppunder «røykåpningen»,
dirrar enno tonen av ein forsvarslaus latter,
og samstemte instrument
det luktar svakt av varmt menneske,
og ukjende draumar stig sakte i spiral,
oppover og oppover og oppover...
Og soldagene som gjekk,
draumane som brast,
alt det er allereie borte ,
det smatt tankefullt
gjennom sjølve bjørneåpningen..

