Og eg gjekk meg ut til havet
for å kjenna vinden sval
for å gløyma borte den guten
som har gjort meg vill og gal
Fyrst han sa han ville ha meg
men so vart eg no for heit
og han rømde redd ifrå meg
og no står eg reint i beit
For slik er det no med kvinna
har ho funne seg ein kar
Ja, då vert det liv i glørnå
dei som alle kvinner har
Og me brenn som heite helvit
og som eld i tørre høy
og får eg ikkje brenna
ja, då vil eg heller døy
Men å døy for slikt eit mannfolk
er no berre noko tøys
og snart finn eg vel ein annan
som vil ha meg med til køys
Ein som aldri gjeng ifrå meg
ein som berre vil meg vel
Ein som likar galne jenter
og som har ei vakker sjel
Elianna