Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
<t>Nye vindar i frå sør



Kjem du no Litamor

så godt å sjå deg

så godt å kjenne deg

så lenge sia du har vore trygg hos meg



Det blir betre no

når vi går saman

på nygamle dyretråkk

meir som eit eventyr er det

å oppdaga verda på ny

saman med deg



Du har den yre oppdagar-gløden i deg

den som eg mangla

du veit at i alt det mørke

finnes noko godt óg

ei ny livsglede

ei ny von

og du tek det

som det kjem



Kom no Litamor

vi må leita opp noko

som enno vantar

ei uregjerlig tenåringsjente

som er så skremd

av det ho såg

av det ho gjorde

vi må fortelje ho

at det er ikkje farleg lengre

å koma fram



Tru kva ho likar

tyst, no høyrer eg fuglesongen ute

midt på natta, dei trillar så fint

kvifor er dei vakne no, mon tru

vakre trillar syng dei

i svartnatta

tru om det er svarttrost paret

som har overvintra

songen likar ho vel, den unge

songen ute i naturen

er så ven og frydefull om våren



Snart klukkar bekken under vårskjør is

det veit eg visst, like sikkert som

fuglen syng frå bladlaus kvist

ein trillande, leikande song

nye muligheiter rundt kvar ein sving

gripe dagen

mens sola skin frå høge himlar

og ta i mot kvar ein regndråpe

med eit smil om kinn

det skal vi gjera saman



Og så skal vi leita opp den første kvitveisen

den som veks sør i hellinga

den skal vi grava fram med fingrane

mens den står i spede knoppar

under fjorårs gamalt lauv

plukka ein stor bukett

og sette den i ei gamal sukkerskål

av kvitaste porselen med blått mønster på

å sjå på at blomane folder seg ut

då er det vår



No kan dei milde vindane koma i frå sør

imens vi ventar, les vi eit eventyr

om dei tre trolla på Hedalsskogen

så trøyer vi tida betre</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Så inderlig,

så godt

å oppdage ei kjent, men okjent verd,

nyspira rotskudd frå gamle drømmer

og nysådde eventyr

bære for deg,

Litamor.</t>
GjenopprettetMedlem
Så vakkert. Så godt. Jeg kjenner jeg blir våryr av glede
GjenopprettetMedlem
Så fint det var å lese dette. Nydelig skrevet
GjenopprettetMedlem
<t>Takk :wub:</t>