Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
<t>No skinner sola
og dagen lyser så klar og rein
dua kurrer på maken sin
og måsen flyg oppi høge lufta
evig svolten på leit etter mat
humla surrar rundt i ørska, nyss vakna
frå vinterdvalen
som var så lang
no er det vår
Nedi lia står hestehoven
så frank og freidig
i gul habitt
gamle lauvblad knasar under vandraren sin fot
der den tråkker stien ned
det kvitrar lystig frå småfuglen sine strupar
og skjæra leiker og bygger reir
no er det vår
Og bekken surklar og renner bratt
over stein og under kratt
det er så fuktig der isen smelta
at foten setter sitt fotefar
som djupe søkk ned i jorda
og molda lukter, den har ein ange
som ber bud om at snart gror det
av gras og blomar
til alle dyra, som likar slikt
i magen sin
og sommarfuglen flyg lett forvirra
no om dagen, på spee vingar
nyleg klekka frå puppen sin
no er det vår
Og gamle kroppar og unge med
dei rister svevnen ut av sinn og auge
og kan mest ikkje tru kva dei ser
strekker kroppen så lang den er
det står til liv
opnar munnen og syng ein gladsong
no er det vår</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Vakkert om vår, særleg likte eg det om angen av mold. :respect:</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Angen av fuktig mold er god ja!
Eit enno sterkare barndomsminne er lukta
av harva jord blanda med ku- og hesteskit.
Om den lukta var god, kan det vel væra ulike oppfatningar om.
Hadde eg berre klart og stumpe røyken, hadde alt vore vel,
og luktesansen betre.
Her er ein liten trall som målaren Ludvig Eikaas ein gong
song for eldstesonen min;
Vesle hesten min
løft opp halen din
og slepp sola inn i
magen din
:biggrin: GOD VÅR :biggrin:</t>
GjenopprettetMedlem
"lilleshri":
.
Vesle hesten min
løft opp halen din
og slepp sola inn i
magen din
Ja, kan soli skine inn i slikt eit hol,
so kan ho sikkert jamvel skine
rakt inn i vårt lengtande hjarte,
og inn i kvar ein attlaten bol?
Lukta av mold er ein ting, ein annan ting er lukta av solbrun,varm menneskehud.....mmmmmm..........
Det er sanseleg, det!
GjenopprettetMedlem
<t>Huda mi er førebels kvit og skjør.
Sveitt, salt, solbrun hud, tek du ikkje sommaren på forskot Final?
Men kan hende du er meir hardfør enn meg? Du ligg kanskje og
slangar deg på eit svaberg om dagen og varmar opp vinterskrotten?
I dag har eldstesonen gebursdag, hipp hurra for han!
Er det verkeleg 25 år sidan han vart født?
Guten var så oppteken av Eikaasen og dei andre rare vaksne,
at han var musestille og lytta med store øyre.
Det er ikkje farleg med den guten, sa Eikaas, sjøl om han
ikkje flyg rundt og leikar med dei andre borna, han reiser
likevel han, han reiser inni hovudet sitt.
No skal eg berre ut i skogen, ein kopp kaffe og ein røyk først, så...
Draumeverkstad i kveld :icon_biggrin:</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Ingen svaberg her, eg gler meg berre til sommaren...
Skjør og gul i leten, tykkjest eg å vere.
Gratulere med stor gut!
Ja, det er moro med desse rare vaksne.
Vaksne som ikkje trur dei er vaksne, men berre ER.
Og snakkar til barnet som eit jamnstilt individ.
Slikt vert hugsa.</t>
GjenopprettetMedlem
Så utrolig nydelig dette var. Jeg fikk jammen meg vårstemning av å lese diktet ditt, shri :biggrin:
Men når jeg titter ut av vinduet, ser jeg bare snø, snø og atter snø. Spaden måtte frem i dag :confused:
GjenopprettetMedlem
<t>Takk for en deilig vårhilsen lilleshri :wub:
Snø og spaden Tullsjura
her har jeg finni fram grassklipperen i dag det er vår :biggrin:
klem bast.</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Hvitveisen blomstrer i sørhellinga :icon_biggrin:
Snart vil den blomstre i nord Tullsjura :icon_biggrin:
Og grønnfargene i bjørkeløvet er grønnere jo lengre nord vi kommer.</t>