<t>Eg gjekk tumlande,
på den einsame stien ut,
der kor berre trea ser deg..
Der sinn og natur smeltar saman,
utan motstand, og utan sut-
Ein gamal utkiksplass der farande folket
vart granska av tause,dølgde auger i faren tid,
Der kan ein puste og tumle rundt,
liksom heilt i seg sjølv,
trass hjartesorg, og når okslabøra kjennest tung og sid-
Slik var det ein skymingskveld her forleden,
at eg brått vart var ei svak summing so underleg rar,
men ingen var der når eg leita-
i mine veike,grunne fotefar-
Opp bak staden sitt største einetre,
steig gråleitt,tjukk røyk til vers,
eg tenkte på røyksignal,indianarar,vetter, og skogbrann,
tenkte no skal dei små, smugrøykande slampane til pers!-
Eg sneik meg med lett bankande hjarta,
bort til Fru Visdom so rank,
stoppa opp og talte til ti for eg spratt fram,
men ingen logikk var å finne,
i sofall var "røykaren" minimal og farleg slank--
Eg stod som ein tufs der i minuttar og hufsa,
kva faen var dette for spøk?
Men realisten;-) tok over og bia,
der turrmunna drøymaren stod att som ein måpande gjøk-
(Og tenk det åpenbarte seg) ;
Det var Fru Visdom som elska med vinden,
og som sleppte alle sine frø,
i ein rykande,løyndomsfull frøstorm,
som nesten gjorde vandraren endå meir sprø-
Så visdommen i frøa kvarv med vinden,
eller kanskje sit litt av den att i mitt hår?,
kor ofte torer me sleppe alle våre "frø",
kor ofte ser og forstår me,vår eigen komande vår?
::)
(beklager, er litt rørete i dag :redface: )</t>