Ljosa tennes.
Røyken frå salvie rensar oss.
Lydvakne sit vi i ringen.
Sjamanens trommestikke slår og slår.
Lydbyljer,byljer i mot oss:
Boom))))))),boom)))))
Lagnadstunge bringer dei bodskap
frå alders år.
Andpusten tel eg slaga.
Eg kan ikkje flykta!
Ingen kan flykta frå sin lagnad.
Men det var dette eg frykta:
Auge for auge,tann for tann.
Spørsmål og svar
Attende til alders dagar
Eg ser himmel og hav,
vatn og land.
Navlestrengen festa til moder jord.
All kjærleik eg alltid bar
til folk og fe,til blomar og tre,
til sysken,til mor og far
-strøymer gjennom meg no
Men mest av alt for barn og barnebarn.
Eg ser tider od ætter koma og gå
Fragment av det som er meg
Eg kjenner den krafta som
fyller meg nå
og anar min oppstaka veg. (Johanna S) etter innvielse av min tromme.

