Mot
Eg har sett jernkvinna
gjere det naudsynte
og sende sine menn rundt halve jorda
for å forsvare seg,
Eg har sett den øvstkommanderande
endeleg få høve
til å erklære siger
i vår vanskelege krig,
Eg har sett kvinner
klatre dei høgaste fjell,
krevje sine rettar
og syne kor vakre dei er,
Eg har sett menn
kaste seg nedetter Trollveggen,
trille barnevogner
og bere den tyngste bør,
Men eg har og sett eit lite menneske
i ein draum flykte
frå den ukjende,
svarte skorpionen
med brodden dirrande,
full av gift,
og vaken møte han
aleine og undre seg om gifta
vil drepe eller berre skade.
En dikter sa at kjærlighet er en ensom ting, men jeg tror at selv om han har delvis rett så misforsto han litt. Det som virkelig er en ensom ting er mot. Det er tid for utesitting og i den anledning kan det kanskje passe med en liten betraktning om motets ensomhet og usynlighet.
Dag

