Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
Anonymous
Har du

Har du gått i skogen
så sakte som du berre kan
med barnesko på

Har du vandra under lauvtre
og blitt bergteke
når du såg at skogfiolane har kome
breidd seg til eit blått hav
bortetter heile skogbotn
og at dei med eitt blei omskapt
til eit magisk teppe du kan reise med
heilt inn i eventyrverda

Har du lista deg langs elva
ja, det var no mest ein liten bekk
og plukka gaukesyre blomar
med gjennomsiktige, florlette, kvite kronblad
med fiolette årar i
har du sett at kvar ein bladstilk
har tre hjarteforma blad på
har du putta dei i munnen
togge og smatta på dei
kjent den gode, sure smaken

Har du sett det lyste gult
inne under lauvhenget
der langs bekken
at det veks bekkeblomar
i kvar ein krik og krok
med glatte, saftige stilker og blad
eit bilete på sola
her nede i ein vasslendt dal
Og kvitveisen, alt på hell
umåteleg vakker likevel

Har du plukka dei første skot
av kjerringrokk
og snurra dei i di hand
har du gått gjennom ormegras
og hugsa kva dei vaksne sa
at der dei veks
var du trygg for orm
har du kjent kor godt dei kilar
langs din legg

Har du blitt stoppa av ei skjære
midt på vegen der ho sto
rett framføre deg
aldeles ikkje redd
Skjæra ville liksom tala med deg
du forsto ikkje heilt kva ho sa
kva ho ville deg
heilt til ho flaug inn i eit kjerr
og opp i eit tre
du kikka opp, og sjå
ho hadde alt bygd ferdig
eit reir av kvist og kvas
det var då du forsto
at det var dette meisterverk
ho stolt ville syna deg

Har du komen til ei gamal hustuft
langt der inne i skogen
sett deg ned på ei overgrodd trapp
og lura på om det har vore
eit sommarfjøs ein gong i tida
og hugsa når du sjølv bygde gard og fjøs
med alskens rare kongledyr
i utmarka, ovanfor kulturbeite
då verda enno var ufatteleg stor
Den gongen då du lura på
kva som låg bakom alle høge fjell
i dalen der du trødde dine barnesko
Har du drøymt deg heilt bort der du sat
slik at når du skulle reisa deg opp igjen
kom du i vanvare til å stikke handa ned
i nye, spede brennesleskot
og kjent kor vondt det brende

Har du stått med ryggen
mot eit gamalt apaltre
der i ville skogen
i full bløming
sett opp mot dei utstrakte greinene
med kvite blomar på
som speglar seg mot himmelblå
ein treng ikkje vera ein målar frå Japan
for å sjå kor fagert det er
Har du teke deg tid til
å stå slik å gløyme deg heilt bort
og anga godlukta frå blomane
og sett humla danse wienervals
mellom greinene

Har du dansa med ein sommarfugl
langs bortgløymde stiar
har du stått i stille undring
når den endeleg sette seg
og lista deg inntil
Har du sett kor yndig sommarfuglen
bredde sine vengar ut
slik at du kunne sjå kor umåteleg vakker den var

Har du fylgt den vegen nasen peikar
og hoppa hit og dit
langt vekke frå stien
har du gått deg fast i ura
sett deg ned ved foten av eit furutre
og med eitt fått auge på
at blåbærriset har pynta seg
med kvite klokkeblomar

Har du når du oppdaga at ein tømmerstokk
låg over elva
berre teke sjansen på
å gå rett over, sjøl om
du såg ei bru litt høgare oppe
Og på vegen attende
stoppa opp på stokken midt i elva
ei lita stund og sett ned i vatnet
som sildra under deg
at ho var slett ikkje så djup
som du trudde
Har du sett i skuggen som du kasta
ned i vatnet
der sto ein liten fisk
dørgande stille
tenk å ha ein slik heil og fin fisk
i skuggemagen sin

Har du høyrt kor bekken klukka
over stein på stein
og plasket etter fisken som berre
dukka opp etter litt insekt mat
har du sett på ringane
som breide seg i vassflata
då hinna blei stokke hol på
av ein snabel til eit insekt

Har du høyrt ein kvist som knakk så brått
mest skuggeredd vart du då
kva var på fere no
skrømt og troll midt på lyse dagen
eg har no aldri høyrt om det
Har du gått og dikta
slik heilt for deg sjøl
at du har hatt ein hemmeleg venn
du fortalte alt du såg til
om heile den underlege verda
som openbera seg for deg
ein fager vårdag i byrjinga av mai
då sola skein frå klare himmelen
forutan ei einaste sky

Og redd
det var du ikkje
for sjå der fann du eit sverd
som tapre møya
var du brått på krigarferd
med eit liljekonvalblad
i di hand

Har du gått så sakte som du berre kan
og kjend at vinden
laga mjuke krøller
i ditt hår
At solstrålane som traff ditt kinn
kor pirrande dei borra seg inn i huda di
Har du heilt gått bort deg
gløymt alt som var rundt deg
og berre vore i deg sjølv
psbot [Picsearch]
ja nu har æ
vært sammen med deg
på vandring
å oppdaga alt det vakre
som bare er

nydelig tur shri
takk skal du ha
GjenopprettetMedlem
jeg har visst det,
gått så sakte jeg bare kan
jeg gikk meg inn i eit dikt
og det rare er
det vil ikke slippe meg ut igjen, diktet
kraftfullt og vakkert som det er
har det fortryllet meg

så nå vokser det hvitveis inne på kjøkkenet
i gangen flyter en stille elv og der bak noen greiner
like ved stuedøra går en tømmerstokk over slik at
vi kan komme oss tørrskodd over til den blomsterenga som har flyttet inn der
GjenopprettetMedlem
Takk for ein fantastisk tur! :wub: :respect:
Eg kjenner sterkt lengten etter  å rusle meg vekk,nett slik du har gjort.
GjenopprettetMedlem
Takk for denne opplevelsen av et dikt  :wub:
GjenopprettetMedlem
Dette er noe av det vakreste jeg har lest!

Dette diktet tok meg tilbake i de gode dager i barnesinnet...
der jeg ofte gjorde de tingene...

å diktet minnet meg på, at jeg fremdeles har ivaretatt mitt barnesinn
og barnesko....jeg har bare glemt å ta de frem!

I helgen skal jeg ta på meg mine barnesko....igjen!  :wub:

Takk takk takk!!!!!
Anonymous
Takk til dykk alle  :wub:

Det skjedde noko merkeleg då eg hadde lagt inn diktet "Har du".

Sliten var eg, ja det har eg vore, heilt frå eg kom heim att, etter turen i går.
For mens eg gjekk, datt den eine strofa etter den andre ned i hovudet på meg.
Eg tenkte det var sabla synd, at eg ikkje hadde med meg noko å skriva på,
men då hadde kan hende ikkje opplevinga vorte så sterk. Og eg lurar på om
det var dette eg gjorde i barndommen og, eg var støtt ute i naturen åleine, og gjekk
å samtala med einkvan.

I går greidde eg ikkje skriva stort. Men i dag tidleg fekk eg ånda over meg.
Eg tykte det var retteleg morosamt å skriva ned desse naturopplevingane.
Men det undra meg at orda som ville ut, kom på nynorsk. Det gjorde dei
på turen og. Skulen heime, var ein nynorskskule. På ungdomsskulen hadde
eg ein norsklærar som var diktar. Han sa til meg at eg skreiv betre på bokmål.
Men på ungdomsskulen greidde eg mest ikkje gjera nokon ting, det gjaldt alle fag.

I stad, ei stund etter at eg hadde lagt inn diktet, falt eg ned i eit svart hol. Då blei eg så forvirra og
uroleg, eg skjøna ikkje stort. Så byrja eg å støvsuga og vaske golv. Mannen min
tok terrassen, ei skikkelig vårroppyddning og grundig vasking. I går beisa han hagemøblane
og blomane står i fult flor. Det er det kjekkaste eg veit, når vi sett i stand heimen i lag.
Og om ei stund kjem eldstemann heim til middag. Men enno slepp ikkje det vonde tak.
I stad kjende eg den vanlege surringa på hovudet, som når eg får healing. Så det er kanskje
det, det er, healing av ei gamal sorg. Ei sorg over at ingen såg, det lyse eg hadde i meg.
Ei mor og ein far som ikkje var der, i dei gode stundene. Eller når den gode stunda var der,
så var ho likevel fylt av ei redsle, for kva som kunne koma til å skje.
GjenopprettetMedlem
Gud så vakkert dette var. Takk for dette shri.  :wub:

Av og til er det
som om
sorgen og gleden
tar til å gå
arm i arm
et stykke på veien
Anonymous
Takk Tullsjura,
og i morgon skal eg gje slepp
på ei stor dose sorg.
Etterpå reiser eg inn i nye eventyr  :icon_biggrin:
GjenopprettetMedlem
:eusa_dance: :eusa_dance: