Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
<t>-Kom gut,set deg oppi båten,så ror me te sjøs du å eg!

-Men morfar,bølgene er høge som fjeddel

-Set deg oppi no,og ver ikkje redd gut

-Javel morfar,eg får prøve å ikkje vere redd då

-Gjer det gut,gjer det,..eg kjenner dragane som min eigen under-leppe.

-Dragane??!!

Morfar ror inn i det frådande havgapet utan å seie noko på ei stund,ein susande stillhet rår

-Javisst,gut!,sjødragane,dei kjem her til kysten for å kvila seg på grundt vatten og ete guteborn.

-Nei morfar!,eg vil ikkje dette,la meg få sleppe!!

-For seint gut,der ser eg alt ein kjend skugge nærme seg båten,sjå der!

Eit stort hauvud reiser seg opp av det skummande havet,og ser på meg å morfar med store glissne auge som liksom trillar rundt inni skallen,og eg blir svimmel å døseg.

Bilder byrjar flimre bak augelokka,av kjøtetande planter som slyngar seg rundt ei hand,og eit merkeleg malt ansikt med intrikate mønster som forandrar seg alt etter vær å vind.

Ei stemme kallar på meg frå langt avgårde: Gut? Er du der? Gut,du må vakne!

Brått skvette eg til og er på loftet til morfar,han ser på meg med sitt granskande falke blikk.

Brått pikkar han borti pyjamasen min og snappar ei bille som kryp på meg,lyden av skal som knuser inni nebbet hans,er en ekkel leksjon i lydbildets detalje-rikdom.

Då skjønar eg at eg må klype meg i armen,men før eg når så langt,har alt morfar gjort det,

og eg vrir meg i den korte men sviande smerten.

Då skvett eg til,og er tilbake i båten med morfar som voggar så krafteg at me blir som to fille dokker oppi.

-Kva er det som skjer morfar!?

-Du blei hypnotisert av sjødragen gut,og nå vil han leike med oss!

-Kan me ikkje berre ro heim att morfar,eg vil ikkje dette!

-Nei,gut,me må vente til han har fått nok,ellers

-Ellers??!!

-Ellers blir dragen sint,og ingenting i denne verden er verre en sinte sjødrager

-Kva kunne den finne på å gjere med oss,morfar??

-HMmmm..ja,den kunne finne på å tygge oss opp til småbetar mellom tennene dens

-Uff!

-Ja uff,seier morfar å ser på meg med eit fårete uttrykk i ansiktet.

-Kvifor ser du så rart på meg,morfar?

-Nett no likna du ein liten kylling,gut

-Eg er vel ingen kylling,er eg vel,morfar?

-Ein skulle ikkje trudd at du var det,men du likna på ein prikk,gut.

-Piip-piip-piip!

-Kvifor seier du pip pip,gut?

-Kyllingen,morfar,den seier piip-piip! Piip -Piip!

-Nok om det,nå trur eg dragen har fått nok,det har roa seg under oss.

Morfar tek til å ro forsiktig mot land igjen,men før eg får trukke pusten,sveipar dragens hale opp av sjøen,og smekkar til meg over ryggen,og eg brølar i sjokk.

Morfar ler mens han ror,og viser med heile seg,at han er stornøgd med denne turen.

-Der fekk du deg ein smell kyss,gut!

-Ja visst,ein kald å våt ein,din tulling,mumlar eg,mens eg skjelv i blaute klede.

-Kva seier du gut,du må snakke høgare!

-Ingenting morfar

-Det var det eg trudde,det var det eg trudde,du skal sjå sjøen å vinden spelar meg eit tricks,gut.</t>
GjenopprettetMedlem
<t>:icon_biggrin:</t>
GjenopprettetMedlem
<t>Hei



Mens eg skreiv om morfar å sjødrakane,så fekk eg inn bilder av høg å uroleg sjø,og eg tenkte på kva som ville skje denne gong,så i dag leser eg om Tsunami i Pacific islands,og jorskjelv i Indonesia.

Eg følar av å til at eg sit å fisker ved eit lite tjern som eg berre ser overflata av

og så får eg napp å dreg opp sjølve midgardsormen.

Skal eg slutte å fiske?

Kan eg lure desse kreftene,ved å fiske i andre tjern?

Lar dei seg lure?

Eg har ein snikande følelse av at dei ikkje gjer det.

Dei er der alt før eg legg ut på fisketuren

og er kanskje også dei som driv meg til desse handlingane

for at eg skal oppdage deira virke å nærværon

og føle meg liten igjen i deira midte

det likar dei,då følar dei seg store,

og store er dei,kreftene i væra

for dei kan operera bak den synlige fasaden

og slik koma langt under huden på folk å fe

om dei vil det,og det vil dei jo,dei elskar nok

å ha oss som berarar av deira store kreative ur sjel.</t>