Den var veldig virkeleg,veldig følelselada og veldig "klar",uten forstyrrande element.
Den sette meg heilt ut for minst eitt døgn,og det gikk nok ut over enkelte som kom for nær innpå meg dagen etter...
Draumen var slik:
Eg er betraktaren... eg står i eit vidstrakt landskap og ser på ei lang,ja nærmast endelaus kolonne med menn som leier kvar sin yak-okse.
Mennene er kraftig bygde med oppsett,svart hår-knute på hovudet,og trekka er orientalske,ja helst mongolske.
Dei har hengande bartar,somme skjegg.
Eg får følelsen av at dei er krigarar,uten å sjå nokon våpen.
Dei har høge skinnstøvlar,bukser ? og overkroppane er nakne og gyldne,men iført svært intrikate,ermlause brynjer av massivt gull.
Eg kan til og med sjå mønstra på dei for meg,enno.
Og kvar av dei går på ei lang,lang rekke og leier altså desse svarte oksane etter gullbissel i same stil.
Mennene går på høgre side.
Det virkar som ein sørgeprosesjon,ingen av mennene ser ut til å sjå meg (som står ganske nært)og dei går sakte,rett fram,utan andre lydar enn lyden av fottrinn og klauvar.
Dei er alvorleg i ansiktet.
Dette synet fyller meg med ein uendeleg tristhet og overgangskjensle, og eg prøver få oversikten over kva prosesjonen eigentleg er for..
Kanskje er det ein geisteleg som er død? ein kongeleg?
Men det fins ingen start og ingen slutt på rekka av menn og oksar..
Ingen slutt...
Etter dette har eg knapt drøymt noko eg hugsar

Nokon som vil eller kan hjelpe meg å tyde?
Det er den tydelegaste draumen eg har hatt.Den "sit"
Eg undrar meg enno.
Kanskje var det berre eit "syn" ,utan vidare meining??

