EINSAM FLYGAR !
Barn, ikke le av den fuglen
som flaksar så hjelpelust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i er jamn, tett rad.
Vinden valde ut denne eiene
og kasta han ut av denne usynlige lei
som fuglande av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.
Sin eigen veg må han finne,
eller - om han trøytnar om litt -
gi tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame titt.
Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flug einsam under stjerner.
Ikke gråt for den fuglen, barn.
Haldis Moren Vesaas
