Du vekkjer meg om natta
Dreg meg etter augelokka til skogen der du bur.
Dansar for meg og gjer meg brus.((Cola!)),seier du.
Når eg drikk,smilar du så frekkt.
Eg må gni meg i augene og klø meg på hofteskjegget,rista av meg badehetta av stålull.
No smilar du ennå frekkare,tar til å herma meg,eg byrjar å le,då ler du heilt likt.
Verden er fantastisk,seier vi i kor,og ser på kvarandre med same blikk,same undring,same kick.
Så vil du gje meg meir brus,((Cola!)),seier du igjen,men denne gongen tømer eg glaset ut i graset,og opp veks...ein Datura busk!!!,sjasmin luktar det frå kvit lilla blomster.
Eg bøyer meg nærare for å sniffa ein goe dose,AAUU!!!!,ein kaktus veks jommen inni bladverket.
Eg høyrer nokon le frekkt,og anar din glede over min sviande nase.
Men,kor er du no?,din draumejonas,tenkjer eg høgt i skalletoppen,i same augneblink tek ein neve tak i prestekjolen min og dreg meg bakover så altervinen spruter utover og søler til babyen.
Jeg roper,og du hermer med.
Så høyt roper jeg at noen må høre det der oppe,og så rykker det i kroppen og jeg er tilbake i sengen.Åherrejermias,hele dyna er kliss.
Det ble for mye hvitløk i går kveld.

