eg diddlar avgårde etter katten min Sjur
lokkar med smular og freistar ein sporv
galen vart eg fødd til væra
og galen vil eg væra til hanen plystrar
melankolske Dybdahls strofer
så eg har tia føre meg kan me seia
utan å seia det heilt
berre lirka eitpar fisar frå
ei fisetrengt sprekkje
i skinn-sete
denne tia freistar å sprengje meg
bula meg opp til randen
og så fandenivoldskt venta
på mi pang tid
pusta seier vinden
grin seier rekenet
slåss seier lakenet
og kveler meg til daude mesten
ååå ja eg veit ikkje noko
før middag seier magen og lyg frekkt
om si fortid som krigs-seilar
Skal eg lya den galne
og sjølv verta galen?
skal eg slutta å kalla meg galen
og venta til nokre ande gjer det?
Ande tenkjer du,kva meiner han med ande?
å han har vel ete sjuhundre soppar no
å han har vel snusa i lamatrusene
å ja det er mest som eg kan føla
deg der du sit,storøygd og blå rundt munn
med blåbær spannet ditt godt
gjøymt i stol-sia
korhen blir av adle komma
punktum og teikn?
: lamatrusene.....blåbærspannet..haha!
