Natta har sin eigen katt,kledd i svart pels og silke-hatt,no mjauar den på meg frå gravlunden,no høyrer eg kallet frå lokkarane.
Noko kjem øver meg,inni meg,no ser det med mine augo,brukar meg som ei dokke,som ein pinocchio,ja som ein gull kledd marionette.
Orda er gamle,frå ei tid utan sinn og stjerner i sand,orda leikar med skallen,bytar ut sanning med vatn frå ei grøn kjelde utan navn.
Orda har støv som klede-bon,og må luftas i det fri,dei må avlusas å gjerast milde å høyre på,ellers vil hjernebror avstøyta dei,kalla dei lugubre.
Myrkje-orda kler seg i kvit-lin og lurar dags-elskaren med bilder av brennande bål og feite biffar,Myrkje-orda,er dei som vil noko meir,en å vitsa.
Dei vil inn i sjela og gjera seg til vens med ljoset,og helbreda lesaren som trur seg befinnande i Algarve,Myrkje-orda,dei med mold og rotknollar. Men dette er ikkje løye tenkjer eg og du,tenkjande,følande,innhalerande ånde-vesen,dette er jo Myrkje-orda,og måten dei viklar seg inn i sinnet på.
Med Liksom-humor,kan dei ta seg til over alt med eit smil om sine raud-målte munnar,og svulmande musklar i tinnings-lappane.
Så,Slik er det med orda,dei åndar seg til,kallar seg opplyste,befrelste,befridde,ja dei brukar til og med ordet forløyste.
Desse omvendte klovnane i Rune-dressar,som kan romma større tivoli enn ein enkel mann kan ønskja på ein uvanleg tirsdag i august.
No skal me joddla og drikka gull-brus medan Hockey dansar Laura Palmers Theme over golvet!




