Sjå Gut!
Seier Morfar med bjeffande hås røyst,og peiker utover dalen med si vise sterke hand.
Alt dette skal snart verta ditt ! ! Snart er det D U som skal krypa oppover dalsia med vedkubbar på ryggjen,tunge steinar,og bortkomne lam !
Snart skal D U vandre til skogen med berre ein termos vatn og ein turr brød leiv på leit etter etande sopp og anna snask som veks og lokkar på
magen.
Kva seier du Guten ! ? ! Ropar Morfar mot meg,som om eg skulle ha sove eller noko i den duren.
((Å! Ja ! Eg er vel heldig då,)) seier eg å hostar opp ein slimdott.
Å ! Meir en heldig,du er velsigna Gut !
Som eg står her foran deg no,openberra for at den blinde skal bli den sjåande!
Så gå nå ut i verda og så dei gode frø,så dei i jorda,og dei vil sjela di fø.
((-Men Morf...))
Gut Sjå ! ! Ser Du ! ? !
Fylg fingjen min utover til tuppen og ta sats,kast deg ut i det ! Så Kor herleg alt er !
Høyr kor vinden susslar i øyrene ! !
-(( J A ! )) seier eg, optimistisk,prøvande.
Kva er det med deg Gut??
Du verkar så knebla,som var du inne bak ein tjukk vegg !! Er du der Gut ? ! ?
H a l l o ! ? !
(( Hallo ! seier eg,men.. det nyttar ikkje,det er som... å snakka til.... ein skodespelar på film))
Då tek Morfar å hentar ut noko av skjorteblusen og gjer meg,det er ein Lackerol,eg tek han fort frå den ru handa hans,og kastar den inn i svelgjet.
Du må ikkje svelgje den....Gut! Sug på den slik : Morfar viser med snurpete lepper korleis han suger pastill safta i seg.
Makes people taLK ! sTÅR det på øskja,sjå her ! Seier Morfar med si vind herja røyst og viser meg.
Det vert stille,eg suger på pastillen,og gløymer kva eg skulle sei.
No ! ? Morfar ser på meg med heva augnebryn.
Eg ser på Morfar,har lyst å seie noko.

