Dei jublar i Sogn og Fjordane.
Ein vandrande bjørn er skoten oppå ein bre.
Var han den "etterlyste sauemordaren"?
Hadde han nokon forsvararar?
Hjalp det ingenting at bjørnen er eit freda dyr nasjonalt?
At bjørnestammen er svært liten?
Er det unaturleg for ein bjørn å jakte?
Kan me bestemme naturen til eit dyr?
Er det inge rom for sau og bjørn saman på nokon måte i Norge?
Kunne bjørnen på breen vore fanga levande og fått eit liv ein annan stad i landet?
Hjerta mitt blør.
Det blør for neste generasjon menneske og villdyr.
For ungane som berre fekk oppleve ein skoten,blodig bjørn.
Eg håpar at i det minste ein av dei som kanskje får stryke over den kalde,brune pelsen,kjenner eit streif av sorg og respekt djupt inni seg....
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6006724
Vern om bjørnestammen i Norge!
Bruk omtanke og klokskap.
Tenk ikkje for raskt.
(Les gjerne alle linkane i denne saka,for dette er bjørnedebatten i Norge i sitt nøtteskall nett no.)
Ein link om bjørnen i myter og riter:http://www.utexas.edu/courses/sami/diehtu/siida/religion/bear.htm