Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
AdsBot [Google]
Eg er attende på storsteinen. I nord-vestlandsbunad beståande av varmedress og lange grøne gummistøvlar let eg båra flirte med meg. Treffe meg nesten, for så og trekkje seg attende. Ein gong, for lenge sidan, har nokon murt ein liten varde på steinen. Der kan eg sitje og skue utover havet.

Om eg er heldig, so kjem ørna for å sveipe over meg, eller kanskje bryt ei nise havskorpa der ute. Men nesten alltid dukkar det opp ein oter opp frå fjøresteinane. Eg kan kjenne att oteren i meg sjølv, litt redd, held seg på avstand, men alltid tek nysgjerrigheita over, og han berre sjå nærare på denne rare skapningen som sit ute på storsteinen i ruskeveret, gliser mot vinden, og ventar på at havet skal tale til henne.

Storsteinen er min barndoms stein. Ein kan gå tørrskodd ut til steinen når det er fjøre, men ein må passe på før floa kjem. Mang ein gong har steinen blit forvandla til ein liten holme med hav på alle kantar, når tankane har vandra lenge og tida inni meg har stått stille.

Ein kan fortelje storsteinen alt, frå dei mørkaste hemmelighetane til den trillande kjærleiken. Eller hugleiken, som det heiter. Eg let havet leike med hugen. Skylje vekk alle hugane, svopp svopp ... svopp svopp ...

Men rett no, er det havet eg vil tale med. Det briskar seg og brøler attende. Eg stenger fråden ute, og lyttar mellom bølgene ... Men høyrer berre suset fra vinden som tiltek og piskar saltvatn i anletet mitt.

Brått høyrer eg ei svak kviskring. Det er storsteinen som fortel meg soga om den gamle gravhaugen like ved. Gamle og unge tok del i sorgritualet. Stein på stein blei løfta for å dekkje denne mannen som hadde levd etter beste evne. Til det sto ein flott steingrav der, som var ein konge verdig. Og som mange år etter, blei maltraktert frå nye hender. Steinar blei frakta vekk for å danne fundamentet til ei flystripe. Til hjelp for nokon som hadde ein krig å vinne, men det hjalp ikkje ... Kviskrar om den unge arkeologen som sakte arbeidar seg ned i steinmassane på leiting etter skattar, overvaka av fnisande ungjenter.

Storsteinen syner meg biletet av båten som kjem inn sundet, blinkar med lanterna til henne som står i vindauget der oppe, og ventar på livet. Den gamle mannen i den sprukne jolla som skjer tare. Storsteinen kviskrar om dei små brune barnehendene, som løfter steinar for å leite etter krabber.

Men storsteinen kunne ingen løfte, han fekk stå i fred og bli ein heilag stad til den som vil høyre mellom bølgene.
GjenopprettetMedlem
Vakkert...så vakkert Liljee....Jeg må visst ut til havet ja, kjenner det nå.

Takk for påminnelsen der... :wub:
GjenopprettetMedlem
Vakkert

Takk og takk  :wub:

Lengselen mot havet ....ja , er der hos meg og nå  :innocent2:
GjenopprettetMedlem
Liljee,det ligg masse kjærleik i denne historen.Det kjenner eg.Lag på lag. :respect:
GjenopprettetMedlem
svopp,svopp,svopp.

Det var ein flott fortelling Liljee.
kjenner tare-lukta i nasa.
takk takk. :respect: :w00t:
GjenopprettetMedlem
"Liljee":

Men storsteinen kunne ingen løfte, han fekk stå i fred og bli ein heilag stad til den som vil høyre mellom bølgene.


Herlig setning :respect:
og takk for en sorgvakker historie :wub:
Anonymous
Saltvannet svir i øynene. Sterkt, Liljee, om så mangt, men særlig LIVET. :wub: :respect:
Anonymous
Sukk. Dette er en stor tekst. Som skal printes ut og leses, gang på gang på gang.

Godt å få lese nynorsk igjen forresten, det gir en ansleis og mer naturnær stemning enn bokmål. Ihvertfall for meg.
GjenopprettetMedlem
Så vakkert Liljee.
Jeg kjente og saltluften, og vinden som blåser meg i ansiktet.
AdsBot [Google]
Takk  :wub: de er no så snille
GjenopprettetMedlem
Liljee du Liljee.

Så vakkert.
Du lengter tilbake. Bort fra byen.

Takk.

Den sterkeste opplevelsen er. En reise fra skogsdypet ut til havet. Og tilbake igjen.

Reis med meg.



Vinge
Anonymous
Ja, du Liljee, fabelaktig  :respect: :wub: