Sjaman.com – Forumarkiv

🔍 Søk
Dette er et lesearkiv av det gamle sjaman.com-forumet. Det er ikke mulig å logge inn eller poste nye innlegg her.
GjenopprettetMedlem
Eg har konversert med en person her inne som sa at "han hadde vore som ei skilpadde altfor mykje av livet sitt".

Eg har tenkt litt på det...
Eg har aldri hatt skilpadde som kjæledyr/husdyr.

Men har sett ville skilpadder.Havskilpadder.
Min observasjon av desse skilpaddene,er at dei er klossete og litt seine på land.
Dei myser mot sola? ,og føler seg ikkje heilt vel.
Skallet beskytter mot det meste vondt,men får du dei på rygg,er dei så sårbare,så sårbare..
Det er så mørkt der inne,under skallet.
Dei dreg seg framover i våt sand,saaakte,for å legge sitt egg,men dei veit kvar dei skal!

Når dei vender attende til sitt andre element,skjer det en underleg transformasjon!
Sanden blir vaska bort frå dei attknipne augene,og dei fokuserer utover-i det blå.
Elegant som få der nede,sym dei av garde.Ja ,dei nesten flyg!
Eller dei stopper opp,og slår følgje med en klossete akvanaut for ei lita stund.
Blikket er fast og åpent,men litt på skrå..
"Var det deg menneske eg møtte der oppe?"
Dei beiter i Moder Jords mest fargerike hagar.
"Prøv å ta meg",ler skilpadda så, med sitt innebygde kompass-og sym i en stille symfoni utover avgrunnen,
ut i det store  blå...............

Ikkje ver lei om skilpadda dukkar opp,ho er ikkje berre av ei verd! :biggrin:
Anonymous
Takk, det var nydelig skrevet Final Tribe. Jeg kjenner meg igjen i havskilpadden, eller jeg kunne av og til ønske at jeg var en.